|
Historie av Halldis
Moren Vesaas
Gråpus blei fødd på setra. Da han var nokre veker gammal, blei mor
hans borte, og ho kom aldri att. Men Gråpus leid inga naud for di
om han var morlaus. Budeia stelte godt med han. Ho gav han feit mjølk,
kjælte for han og leika med han. Ho var gladast i han av alle dyra
ho hadde på setra. Det var mest selskap i han.
Så kom hausten og dyra måtte heim. Budeia
la Gråpus i ei korg med tett lokk på. Korga hengde ho på armen,
og såleis bar ho katten den lange vegen til dals.
Heime på garden fekk Gråpus det likså godt
som på setra. Alle var glade i den fine kattungen. Likevel kjende
han seg nok ikkje rett heime. Da han hadde vori der nokre dagar,
blei han søkk borte. Borna ropa og leita høgt og lågt, men Gråpus
var ingen stad å finne.
- Reven har vel teki han, sa dei vaksne. -
Det nyttar ikkje å leite etter han.
Men dei små kunne ikkje gløyme den vesle lekekameraten
sin. Dei ville ikkje tru at Gråpus var dø.
Ein dag blei budeia ståande i tunet og stire
opp mot fjellet.
- Du skal sjå, sa ho berre.
Vesle-Anne, som var med henne, spurde kva
det var ho skulle sjå.
- Ingenting, sa budeia. - Men eg trur sanneleg
eg må ta meg ein tur opp på setra. Tenk om kattungen har flydd dit
att!
Dei andre vaksne trudde ikkje at Gråpus kunne
ha funni vegen opp til setra. Dei visste nok at katten trivs best
der han er van til å være. Men Gråpus var berre ein kattunge, og
den einaste gongen han hadde fari setervegen, låg han i ei korg
med tett lokk på!
Likevel la budeia i veg, og Vesle-Anne tigga
seg lov til å bli med. Det første dei såg da dei kom opp på setra,
var Gråpus! Han kom imot dei med rova rett til vêrs, nett som han
ville ynskje dei velkomne. Sørgjeleg mager var han blitt, men han
mol så det dura. Stakkars Gråpus, han tykte han hadde kommi heim
att!
Men her kunne han nok ikkje få bli. Budeia
putta han ned i same korga som sist, og så bar det ned til garden
att. Der heldt dei han innestengd i 14 dagar, og da blei han husvarm.
Han prøvde aldri å flytte opp til setra att.
|